Korreksjonsgåver
Å få ein korreksjon, å bli retta på, er det beste som hender ein dansar. Det syner at ein vert sett i klassa (å kjenne seg oversett er skrekkeleg), det kan avverge skader, og det er gjerne ei oppmuntring frå pedagogen: du har gjort godt arbeid, du skal få meir å tenkje på!
Det finst pedagogar som ikkje gjev fleire korreksjonar dersom ein har glømt eller ikkje jobba med den førre. Uansett er det viktig å hugse og konsentrere seg. Det er lurt å skrive ned, eller i alle fall tenkje gjennom etter klassa det læraren har sagt til deg.
OBS: Ikkje vent deg noko revolusjonerande her. Det er stort sett det daglege, men akk så viktige, småplukket. Eg følgjer ikkje alle råd heile tida sjølv...
Mellom nyttige korreksjonar og råd eg har fått, er til dømes desse:
-
Konsentrer deg om ein ting for kvar klasse. Det vert mykje enklare å jobbe når eit spesielt problem er i fokus, og framskrittet kjem raskare.
- Gled deg over det du fekk til i kvar øving. Om du t.d. har konsentrert om å plassere vekta, ikkje bli nedfor etterpå over at du "mista" magemusklane. Kroppen merkar om du er misnøgd, og det er feil signal til deg sjølv å bli frustrert, om det du har konsentrert deg om, har gått bra.
- Legg merke til kvar huet er i alle øvinger. Det gjer piruettene lettare.
- ...og dessutan er det knapt noko som påverkar det dansemessige uttrykkjet så sterkt som kvar du ser.
- Dersom du vanlegvis ikkje er klar over kva du ser på, er det store sjanser for at du ikkje har lært deg øvinga, og ser etter andre.
- Sjå i spegelen, men ikkje for sjølvkritisk. Dersom du heng deg opp i ting du er misnøgd med ved kroppen din, sjå heller bort litt.
- Du er ALLTID dansar, ALLTID på trening. Legg merke til korleis du sjølv går, står, sitt, ligg. Det er alltid noko nytt å sanse i kroppen.
- Gå TIDLEG til lege om du får vondt nokon stad. Prøv å gå til nokon som har erfaring med dansarar. Vanlege leger har ikkje peiling på korleis ein bruker musklar og ledd under dans, og kan finne på å be deg halde deg i ro i tre veker. (Det vil sjølvsagt ingen dansar gjera...)
- Teknikk er kunsta å slappe mest mogleg av under trening...
- Det kan vera enklare å prøve å samle alle korreksjonar i eit bilete. Om du t.d. skal trekke opp i magen, løfte brystkassa litt framover og trekke skulderblada litt saman, kan du sjå for deg ein banan med vengjer...
- ...Men ver merksam på at kroppen kjem til å hugse biletet sjølv om du glømmer det, så om piruettane plutseleg vert rotete, kan grunnen vera at kroppen din prøver å vera ein banan med vengjer som gjer piruettar. Det kan hjelpe, men om det ikkje gjer det, treng du å hugse det biletet du brukte, slik at du kan reprogrammere kroppen...
- Noko den som nettopp har starta å danse sjelden er klar over, er kor mange bøker med råd om danseteknikk som finst. Det er tonnevis med bøker om ballett og anatomi, og et utval for dei fleste moderne teknikkar. Og mange er veldig nyttige for å unngå skader.
- Pass på, midt i trening og slit, at du held fast ved det som gjev deg danseglede.
Comments