Din guide til å forstå
og bruke dansarar

Overlev nærkontakt...


   Kjenneteikn

Dansande menneskje er ikkje heilt som andre. Denne praktiske og lettfattelege guiden er rekna på deg som har hatt tilfeldig kontakt med ein dansar over stuttare eller lengre tid, og treng ei viss innføring i rasen sine eigenskapar.

Du har kanskje gjort deg visse observasjonar sjøl, utan heilt å ha danna deg eit bilete av korleis Dansaren med stor D er bygd opp.


   Verda for dansarauge

Det kan sjå ut til at det mest framståande karakterdrag er korleis dansaren ser på omverda. Det som for vanlege menneskje ser ut som

  1. ein mannshøg stolpe
  2. eit fjernsyn
  3. eit trappetrinn eller
  4. ein strikk

er for dansaren

  1. noko å leggje beinet på for å tøye hamstrings
  2. ein boks som kan underhalde deg når du tøyer Tensor Fascia Latae
  3. torturinstrument for tøying av Achilles-sena og biceps, og
  4. noko du kan styrke stortåbøyaren med.

Av dette kan ein fastslå at dansaren trossar Shakespeare, og ikkje ser på verda som ein scene, men som eit verktøy. Motsett diverse NewAge-retningar med eit "holistisk" syn på universet, ser dansaren altså "toolistisk" på skaparverket.


  På rørslemønstret skal...

Dansarar er sterkt tilbøyelege til å døme folk etter rørsler. Nokon deler inn medmenneskje i dei to gruppene "hand-ekspressive" og "fot-ekspressive", andre katalogiserer etter gangmønster, muskelspenning eller skulderbladplassering.

Dette er noko ein kanskje bør taka omsyn til ved introduksjon av nye menneskje i dansaren sin omgangskrins. Prøv å sørge for at dansaren ikkje ser nykomaren på avstand, men får innleie ein samtale før dei heng seg opp i korleis den nye personen går og står. Dessutan må du ikkje bli overraska om dansaren forlet rommet når de ser på fjernsyn, for å sleppe å sjå korleis Tande-P. bruker hendene...

Ei anna side av saka, er at når du bryt opp med kjærasten, kan ein dansar alltid forklare kvifor. "Det forholdet kunne jo ikkje halde lenge! De hadde jo heilt inkompatible skuldre!"

Om du uteskar nærare forklaring, kan du få visse hint om at de båe to hadde spenninger mellom skulderblada, og at desse spenningene på eit slags vis vanskeleggjorde kommunikasjon.


  Ublide møter med omverda

Det dansaren derimot ikkje alltid er så merksam på, er sine eigne rørsler i interaksjonen med omverda. Det ser ut til at etter mange års kamp for å uttrykkje emosjoner kroppsleg, kan det hende dansaren at emosjonane tek hand om uttrykkjet sjølve.

Dette er farlege prosesser. Dersom du til dømes ser ein dansar i ferd med å bli glad: RYGG. Brått har du ikkje lenger for deg eit nokolunde normalt og tilrekneleg menneskje, derimot ein potensielt destruktiv kropp 100% underlagt gleda, noko som kan påføre den som står for nært blåmerker når gleda uttrykkjer seg i store port de bras, kanskje tilmed jetes.

Slike emosjonar har nokre, men ikkje alle, dansarar av smerteleg erfaring lært å kontrollere når dei er på kjøkkenet. Rekn med ein 10-12 knuste glassprodukt under læringsprosessen. Eit dansartilpassa kjøkken er enten så lite at ein ikkje kan røre seg der inne, eller så stort at ein kan taka ballettklasser der inne utan ulykker.

Dessutan bør det vera skåp over oppvaskkummen, der ein kan leggje beina for å tøye medan ein vaskar opp. Eit slikt skåp vil utan unntak skape ein mjukare dansar i eit ryddigare kjøkken.


  Vårt daglege slit

Du får sjeldan lov til å gløyme kor slitne dansarar er, og kor harde dagar dei har. Det er yndlingstema dei gjerne klagar over. Derfor kan du koma i skade for å tru at om ein dansar får høyre frå legen at dei må slutte å trene for ei tid, vil han/ho trekkje pusten djupt og seie "Så herleg! Endeleg skal eg få litt kvile!"

Tvert imot, dansaren vert sterkt nedtrykt og melankolsk. Ein dansar som nettopp har fått treningsforbod for ei veke, er eit sørgeleg syn. Det som for vanlege folk fortoner seg som ein ferie, er for dansaren lange timer med muskelsvinn, timer der meir av formen dei har jobba så hardt for forsvinn kvart minutt, ei heil veke av eit stutt liv kasta bort, og pensjonsalderen nærmar seg. Ein dansar ville drepe for si daglege trening!

Til sist: Du må ikkje finne på å spørje åssen ein dansar har det, med mindre du er sterkt og seriøst interessert i anatomi.

Der Vanlege Folk svarar "Bra", tek dansaren det som ei oppfordring til å bruke ein halv time på å prate om sitt ilio-tibiale band og effekten det har på patella.