Fyrste gong eg såg Richard Alston dansekompani var i 1998 og eg spurte ein brasiliansk klassekamerat åssen han hadde likt forestillinga. Han svarte med ein grimase "dette var jo ballett utkledd som samtidsdans..".
Eg klarte alder å finne ut om eg var samd i denne påstanden (og i så fall om eg ville sjå det som positivt eller negativt). Men å ha sett RADC på nytt i Sadlers Wells 29. mars fekk meg på nytt til å tenkje på "Alston-stilen".
Kompaniet - fullt av fantastiske dansarar - presenterte ei typisk forestilling med tre ulike verk, men for denne forestillinga var den eine koreografien About-Face, det fyrste verket RADC har tinga frå Martin Lawrance. Dei små skilnadene mellom Martin og Richard sine stiler var ganske informative..
Mitt inntrykk er at Alstonesque stil er fokusert på liner, klarheit, og store rørsler. Summen av inntrykk er noko litt "stivt". Martin Lawrance har og med seg Alstonesquen men legg til ein dimensjon av detaljar som liksom gjer heile verket hans mjukare. Dansen har ei stemning av flytande ro som minnar meg om Charles Linehan sine verk. Slik atmosfære og detaljarbeid ser eg gjerne i dans. Med eit par flotte lyft og duettar i tillegg var Martin sitt bidrag noko av det vakraste og mest inspirerande eg har sett på lenge.
Det siste verket av Richard denne kvelden brukte ragtime musikk og var og ganske ulikt, det var meir "Alston goes casual" om blanding av stilartar og rørsler som var verkeleg morosamt og underhaldande.
Etter å ha tenkt så langt etter forestillinga tvilte eg litt på mine eigne ord - kritisere sjølve Richard Alston for å mangle generell omsorg for detail?? Han som er kunstnerisk leiar for The Place, han som er kjend for musikalitet og rytmebruk. Kan det stemme?
Det veit eg ikkje. Eg veit nok kva eg prøver å få sagt, men har ikkje orda. Ord er ikkje så presise for å utforske dans likevel. Dei nokså generaliserte utsagna om skala, detaljar og "stiv" dans er vel det nærmaste eg kjem mot å forklare inntrykka frå forestillinga. Kanskje dette er urettferdig mot Richard sin stil. Men eg prøver ikkje å vera rettferdig her, derimot prøver eg å finne ut hen inntrykka av verka kjem frå. Så tak imot eller ryk og reis..
Comments