Seminar i Oslo: Action towards articulation

Korleis kan vi (sam)tale om dans og kreative koreografiske prosessar? Kan vi bli betre til det?

Paradoks 1: "dans" er udefinerbart men utføringa kan bli analysert og dokumentert med større og større presisjon. Vi har både notasjon, systematisk analyse, video og etterkvart rørsleopptak (motion capture). Er desse metodane likevel så avgrensa at ein slett ikkje har nytte av dei i kreativt arbeid? Eller er det det at dei dokumenterar feil ting?

Paradoks 2: sjølv om vi vil verbalisere kan det hende sjølve språket ikkje er presist og stabilt nok..

Paradoks 3: kanskje dansekunnskap er "tacit" eller "taus / uutalt" av di dansaren treng å kaste teoretisering overbord for å utføre "dans"? Er verbalisering eit nyttig verktøy for utøvaren? Om svaret er ja, når i prosessen er dette verktøyet nyttig?